Skip to content

Fjellfaste sauar til topps etter bom, bom, bom frå rikskringkastaren

January 17, 2017
sheep-1076405_1280-1

Sauane på biletet har ingen ting med den aktuelle saka å gjere. Eg håpar ikkje dei er fjellfaste. Eller må skytast. Illustrasjonsfoto: Anke Sundermeier

Det er ikkje ofte eg nyttar nynorsk her på bruket. Men i dag har eg eit særskild høve til å byte målform. For første gong i teitskapshistoria har ei nynorsk overskrift vunne medie-Norges teitaste kåring.

Tett i toppen

2015 gjekk inn i historia som det året det var så tett. I fjorårets kåring var det beint fram umogleg for lesarane å kåre ein vinnar, og teitskapstyrannen måtte gripe inn på eit lite demokratisk sett. I år har demokratiet fungert ein smule betre, i alle høve på denne sida av Atlanteren.

Lesarane har med eit naudskrik greidd å kåre ein vinnar, sjølv om det var tett i toppen denne gongen og. Berre ei einsleg stemme skilde vinnaren frå dei to kandidatane på delt andreplass.

resultater2016

Skivebom blei fulltreffar

NRK, heile Norges rikskringkastar, var teitare i 2016 enn nokon gong tidlegare. Ein skivebom på desken kan som kjend fort bli ein fulltreffar i denne kåringa, og i år har NRK kapra to av dei tre øvste plassane på lista.

Heilt øvst på toppen tronar det brutale og smått uforståelege meisterverket «Kan ikkje berge fjellfaste sauar – må skytast».

Det er nok ikkje udelt positivt å toppe Norges teitaste liste – i alle fall ikkje for ein presumptivt seriøs mediebedrift. Deskarane hos NRK har heller ingen grunn til å vere stolte over den skremmande, uklare og særs teite vinnaroverskrifta. Dei får trøste seg med at alle kan ha ein dårleg dag på jobben, og at teitskapen truleg ikkje får dei heilt store konsekvensane. Det blir neppe oppvask på kammerset. Det er lite truleg at hovud må rulle. Og ingen må skytast.

No comments yet

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: